Å arbeide med språk,-med fokus på dei yngste barna i barnehagen😍

i Herøy kommune vert det no jobba godt med språk og kommunikasjon, blant anna via regional kompetanseheving. I Huldal barnehage fokuserer vi bevisst på samtalane i kvardagen, for å styrke språkutviklinga til barna. Visste du at vi har mange flotte spanande og lærerike samtalar med dei heilt yngste barna i barnehagen? 😍

Vi vaksne på småbarnsavdelinga Armkroken,  synast dette er svært spennande, og jobbar dagleg med korleis vi som personale kan bruke oss sjølve, og vere gode språklege rollemodellar. Vi freistar å «bade» barna i språk gjennom dagen i alle dei ulike læringssituasjonane vi møter på, gjennom leiken, og i dei ulike rutinesituasjonane.  

Sjå! No skal vi skifte bleia vår👌

Vi jobbar med ulike tema, i år er det nokre av dei gode nynorske barnebøkene vi jobbar med.
Å tenk å få ta med favoritt kosen på eit flygande teppe, slik som Unni og Gunni gjer i boka Unni og Gunni reiser, ut på ulike oppdagingar, som til dømes inn i jungelen. Det er spanande det!

 

 Fint med ein svipp innom den varme jungelen, -på ein forblåst dag her heime💨🌊🌧🥰🤩