Jmf.vedtektene til barnehagen skal alle barn ha minst 4 veker ferie i løpet av kvart barnehageår. 3 av desse vekene skal vere samanhengande om sommaren, i månadane juni, juli og august.
Born som skal byrje på skulen til hausten, kan nytte plassen fram til nytt barnehageår tek til i august, men må ha avvikla ferien før denne datoen.
Det vert sendt ut feriekontrakt for sommarferien i løpet av februar, med svarfrist i midten av april. Innan 1.mai har alle arbeidstakarar etter ferielova, krav på å vite sin sommarferie. Difor må vi starte på feriekabalen i barnehagen i april.
All ferie som avviklast ellers i løpet av året, skal vere informert om til dagleg leiar ein månad i forkant av avviklinga.