Opningstid

Daglig opningstid er frå kl 6 45 -17 00

I fylgje vedtektene er barnehagen stengt julafta, nyttårsafta og onsdag før skjærtorsdag.

I romjula er barnehagen og vedtektsfesta stengt.

Barnehagen har 5 planleggingsdagar pr. barnehageår. Desse dagane deltek personalet på kurs, eller jobbar med intern planlegging/kompetanseheving. Desse dagane er barnehagen stengt for barna. Som oftast er 1.dag i august, 1.dag etter jul,  og fredag etter kristi himmelfartsdag avsett til planleggingsdagar.  I tillegg kjem ein planleggingsdag i oktober, og ein i mars. Desse vert fastsett i samråd med Herøy kommune, då vi har samordna kompetanseheving med dei tilsette i dei andre barnehagane i kommuna. 

Planleggingsdagane for det enkelte år vert lagt inn på kalenderen i Kidplan, så fort vi veit eksakt dato.