HISTORIKKEN TIL HULDAL BARNEHAGE

Huldal barnehage nermar eg 30 år med barnehagedrift😍 Her finn du litt av historikken...


Huldal barnehage vart opna i februar 1992 som ein privat barnehage eigd av Anne Rudolfsen og Anne Grethe Ørmen. Renate Sævik Paulsen har vore styrar sidan starten. Dei leigde lokala i 2.etg av BIL fotballgruppa. Barnehagen hadde då  ei avdeling for 18 barn i alderen 3-6 år.
Etter vel 9 års drift takka dei for laget i juli 2001.

Foreldra tok i 2001 over drifta av barnehagen. Sidan har mange positive, flinke og motiverte foreldre bidrege til å skape god barnehagekvardag i 20 år. 

Hausten 2009 kjøpte Huldal barnehage klubbhuset og tilhøyrande areal av Fotballgruppa, og ei ombygging vart gjennomført, for å kunne romme ei ny 0-3 års avdeling i 1.etg av huset.

Vi har med nokre større og mindre utbetringar fått lokala svært godt eigna til barnehagedrift!
I 2013 bygde vi eit tilbygg bak huset der vi fekk på plass nye garderobe, grupperom og gymrom til storbarnsavdelinga i 2.etg.

Våren 2017 fekk vi på plass ein flott ny leikeplass, med tilhøyrande stort ute skur med gapahuk.

Vinteren 2018-19 vert den eldste delen av huset ombygd og innreda til ei betre personalavdeling, som rommar pauserom, kontor for styrar, garderobe og lager. I samband med denne ombygginga fekk vi og på plass etterlengta kontor til barnehagelærarane.

Hausten 2020 fekk bygd på areal for småbarnsavdelinga, og vi fekk lagt til rette for ny hovudinngang, ny garderobe, utvida leikearealet og forbetra sovefunksjonen på avdeling Armkroken.

Vi synast vi er heldige som har eit stort variert bygg, med ei spanande romfordeling, med litt krikar og krokar som gir gode rammer for leik og samver.