Vi er opptekne av å opparbeide og vere i nære relasjonar til barna, og jobbar bevisst med tilknytning i tilvenningsperioda. Barna skal oppleve oss som gode, trygge erstattara for foreldra, den tida barnet er i barnehagen.
Vi veit at å få oppleve godt venskap, og å få kjenne på kjensla av å høyre til i fellesskapen er viktig, også for dei yngste barna i barnehagen. ❤
Biletet syner delar av hovud opphaldsrom på avdelinga
Her ser du det store fine leikeromet vårt, med gode utsiktsvindu for dei små.
I leikegangen på Armkroken er det godt tilrettelagt for leik. Biletet syner miniatyr kjøkkenet og stova som vi stadig vekk kosar oss i.😊
Litt lenger borti gangen finn vi stelleromet, og dokkene som treng både å bade seg og få ny bleie. Ved sidan av finn vi vaskeromet som også er godt brukt, av flittige små.😍
Dette er garderoba vår. Den opplevast romsleg, med god golvflate for små barn som etterkvart skal lære seg å kle på seg sjølv Det er og tilrettelagt for til handvask, inn og ut av barnehagen.
Biletet syner det godt skjerma sovearealet, i umiddelbar nærleik til avdelinga og sovevakta.
TA GJERNE KONTAKT OG KOM INNOM PÅ BESØK, OM DU SKULLE VURDERE Å SØKJE BARNEHAGEPLASS HJÅ OSS!😍
MOBILNUMMER TIL ARMKROKEN: 955 57 418