Vi strekker oss etter at vekeplanen inne på Kidplan skal vere oppdatert. Begge avdelingane har Ipad/Iphone, slik at dei enkelt kan gå inn på sida å redigere. Det skjer sjølvsagt at dagar ikkje går heilt etter planen og vi ikkje gjennomfører turar/aktivitetar, dersom vi vurderer det som ikkje forsvarleg innanfor rammene dagen gir. Eller at vi GRIP DAGEN og velger å gjere noko heilt anna enn oppsett plan. Slike endringar vert publisert på tavla.
Vi ynskjer å vere i utvikling og stadig verte betre, så gi oss tilbakemelding om de ser forbetringspotensiale.