Oppstart/tilvenning

Før oppstart blir det sendt ut eit velkomstbrev med ein del informasjon som er grei og ha når ein er ny som føresett i barnehagen. Vi inviterer alltid barn og føresett på besøk i barnehagen, før oppstart. Her får vi etablert kontakt, og starta bli kjent prosessen. Både barn og føresette får møte personalet, gitt kjennskap til det fysiske miljøet , og orientering om rutiner på avdelinga. Personalet vil bidra til å etablere god og open dialog med heimen, for å lære barnet best å kjenne😍

Tilvenningsråd:

  • Det er viktig at tilvenninga skjer gradvis, barna må få tid til å bli kjent med barnehagen saman med mamma eller pappa tilstade. Nokon treng lang tilvenning, andre ikkje, det viktegaste er at vi får til ein trygg og godt start.
  • For at alle skal få ein fin start i barnehagen er det best at dei fyrste 2 – 4 dagane ikkje blir for lange (maks 3 – 5 timar, sjølv om barnet gjerne vil vere lenger), det er mange nye inntrykk for barnet å bearbeide!
  • Dei tre fyrste dagane må ein vere saman med barnet heile tida, men etter kvart kan du kanskje vere vekk i kortare perioder og gradvis auke denne tida. Vi vurder situasjonen ilag med dykk som foreldre og finn saman ut kva som høver best for ditt/dykkar barn. Ingen barn reagera likt, nokon blir fort «husvarme», men det er ikkje unormalt å bruke lengre tid på tilvenninga.

 

Avskjedsråd:

  • Når dagen er der, og barnet er «klar» for at du forlet han/henne, så gjer avskjeden kort, ikkje drag den ut – store avskjedsscener verkar berre mot si hensikt. Bruk heller litt lenger tid i forbindelse med henting der barnet kan vise deg rundt, fortelle om dagen og du kan snakke med personalet.
  • Gi barna ei kort forklaring på kvifor du går, og at kjem og hentar barnet seinare. At mamma/pappa er på jobb er ei grei forklaring.
  •  Sei alltid hadet til barnet før du går. Dette for å markere avskjeden, å lure seg vekk utan at barnet oppdagar det, er ikkje ein god måte å gjere det på.
  • Sjølv om barnet gret, må ein av og til berre gå, og vi veit at det går fort over. Er du bekymra kan du ringe barnehagen. Vi held deg og oppdater på korleis barnet har ved å ringe, sende sms og/eller bilete.