TRAS-observasjon av språk

TRAS er eit observasjonsverktøy som vert nytta til å observere og kartlegge barn si språkutvikling. Samstundes bidreg det til kompetanseheving for personalet i barnehagen, ved at ein vert meir bevisst på kva rammer, bakgrunn og utfordringar som påverkar barna si språkutvikling.

Kvifor observere?

Forskarane bak verktøyet erfarte stadig at barn med språkforsinkelsar i førskulealder ikkje vart oppdaga før dei fekk problem med lese og skriveopplæringa. Tidspunkt for å sette inn hjelpetiltak er avgherdande for barna si vidare utvikling.  Språkstimulering har best effekt når den vert gitt på eit tidleg tidspunkt, og intensiverte språktiltak i skulealder vil difor i begrensa grad, kunne kompensere for tap av god språkstimulering i førskulealderen. 

Hensikta med å observere barna sitt språk er å sjå kor langt dei har kome i utviklinga, for då å kunne møte dei der dei er-enten dei har kome langt eller kort. Målet er at TRAS skal sikre at barn som strevar med å tileigne seg språk, skal få adekvat hjelp på eit tidlegast mogleg stadie i utviklinga.

Den 1.TRAS kartlegginga vert teken ved 2-2,5 års alder på Armkroken, det vert jobba vidare med på Hjerteroemt etterkvart som barnet veks. Skjemaet fylgjer barnet over i skulen.

Føresette vert orientert om rutina med språkkartlegging via TRAS på foreldresamtale, og det vert bedt om samtykke frå føresette. 

Her kan du sjå skjemaet