Covid-19 - Trafikklysmodellen

Den nasjonale veiledaren set inn tiltak for å begrense smittespredninga av covid-19. Tiltaka er: 1. Sjuke personar skal ikkje vere i barnehagen. 2. God hygiene. 3. Redusert kontakt mellom personar.

Smittevernstiltaka er inndelt i ein TRAFIKKLYSMODELLsom er basert på smittesituasjonen.

TRAFIKKLYSMODELLEN - helsedirektoratet 

 

Barnehagens samfunnsrolle

Barnehagen har ei avgjerande rolle for barns omsorg og utvikling. Barnehagepersonalet har ei sentral rolle for å ivareta barna også når vi går gjennom ein pandemisituasjon. Eit pandemiutbrudd kan vare over lengre tid, avhengig av kva tiltak som gjerast i samfunnet. Det er vesentleg for samfunnsstrukturen at foreldre kan gå på arbeid. Difor har det stor betyding at barn kan gå i barnehagen under ein pandemi, samtidig som smittevernet blir ivareteke, for både barna og personalet.

 

Det er barnehagestyrar som er ansvarleg for å sikre at barnehagedrifta skjer i samsvar med gjeldande lovar og reglar. Barnehagestyrar er difor ansvarleg for å sikre ein forsvarleg drift som tek omsyn til smittevern og for å sikre internkontrollrutiner i samsvar til gjeldande forskrifter. Vi må understreke kor viktig det er at alle bidreg til å få til ein god og forsvarleg drift av barnehagen.

 

For barnehagebarn er det vanskeleg å regulere avstanden til andre, då blir det viktigaste tiltaket å redusere antall nærkontaktar til kvart enkelt barn og personale ved å ha faste grupper (kohortar) og å ha eit fast personale for kvar kohort. I tillegg vil redusert kontakt mellom ulike kohortar avgrense smittespeiinga. Dette tiltaket vil også bidra til å lette arbeidet med smittesporing og hindre at heile barnehagen må stenge om ein får påvist smitte hjå barn eller personale.

 

Det er viktig å understreke at personalet fortsatt kan og må ivareta barnas behov for kontakt og omsorg.

 

Tilsette bør så langt det let seg gjere halde minst ein meter avstand til andre tilsette gjennom heile arbeidsdagen. Ved smitte hjå ein tilsett unngår ein då at mange tilsette blir smitta eller må i karantene, og hindrar at fråværet går utover barnehagetilbodet.

 

Føresette må halde minst ein meter avstand til tilsette og andre føresette. Unngå trengsel på vei inn og ut av barnehagen og i garderobane. Alle SKAL sprite hender / vaske hender når dei kjem i barnehagen

 

Ein blir regna som «nærkontakt» om:

  • Ein har hatt tett kontakt med ein person som er bekrefta smitta med covid – 19 mindre enn 48 timar før den smitta fikk dei første symptoma og til personen er avisolert.
  • Kontakten har vore under ein meter avstand i meir 15 minutt eller hatt direkte fysisk kontakt.

 

Det er smitteteamet i Herøy som har ansvar for smittesporing, og vil varsle barnehagar og skular dersom barn, elevar eller ansatte får bekrefta Covid – 19. Det er dei som skal avgjere nødvendige tiltak og finne ut kven som er nærkontaktane til dei sjuke.