Barna på Hjerteromet har i lengre tid vore svært opptekne av gardsliv, dyr, traktorar og andre køyretøy. Derfor tenkte vi at det hadde vore spennande å dykka endå lenger inn i dette temaet, og har valt oss dette som hovudtema på avdelinga i år.
På grupperomet i gangen har vi laga til eit spennande rom der vi har laga oss ein låve som gir mykje inspirasjon til leik. Vi har gjort om bilen vår til ein John Deere traktor med hengar, og vi ser at dette fell i smak


Å støtte barna i å etablere venskap og sikre at alle barn kjenner seg som ein verdifull person for fellesskapet i barnehagen er vår hovudprioritet❤️
Vi er som vaksne opptekne av å opparbeide, og være i nær relasjon til barna som kjem til Hjerteromet.
Vi freistar å vere tett på barna både for å skape tryggleik og kunne vere nær nok til å fange opp det relasjonelle samspelet i barnegruppa. Personalet skal støtte og hjelpe der det trengs for å sikre at alle er inkludert og at leiken får gode rammer å blomstre i. Vi vil være nære, varme og grensesettande vaksne. ❤️
Eit av leike og opphaldsroma på avdelinga vert kalla stova, dei 4 bileta over her, syner dette romet. Det er eit godt rom med god takhøgde og gode høve for variert leik og aktivitet. Her ser vi at rolleleiken blomstrar i krikar og krokar. Det vert leika mykje konstruksjonsleik på golv og på bord, og leseloftet er ein fin stad for både høgtlesing og barna si eiga undring over ei bok.
På kjøkkenet foregår det også mykje meir enn matlaging og måltid🥰 Rommet har mykje dagslys inn og høgt under taket, og god luft. Her teiknar, malar, bygger, spelar spel, puslar og perlar barna iherdig kvar dag❤️
Barnehagen sitt desidert mest populære rom er nok gymromet på loftet.Her er det mykje fryd og latter!😊Barna får brukt kroppen sin grovmotorisk gjennom klatring, hopping, turning, balansering osv.. Det oppstår stadig vekk gode situasjoner som krevjer samarbeid mellom barna, f.eks i bygging av alt frå kongen sitt slott, til hundehus av dei store byggeklossane. Vi hjelper kvarandre og får til ting saman❤️
Avdelinga har to gode romslige garderober med godt med golvareal som er bra å ha når mange små skal øve seg på påkledning- samstundes😍 Yttergarderoba inneheld alt til uteleik og i innergarderoba rommar skiftetøy og litt til og frå bhg utstyr. Her har vi og daglege samlingsstunder.
Regnbogeløva er med oss i kvardagen. Ho hjelper oss til å verte gode på å vere ilag, på ein måte som er fin for alle❤️ Her på veggen passar ho også på at vi hugsar når alle har bursdag🤩
Velkommen til Hjerteromet! ❤️
