Foreldrebetaling

Vi følgjer nasjonal sats for maxpris pr.månad. Det vert gitt 30 % søskenmoderasjon på barn nr. 2 og 100% modrasjon på barn nr.3. Du skal ikkje søke søskenmoderasjon, dette skjer automatisk. Søskenmoderasjon gjeld sjølv om du har 1. barn i kommunal barnehage og 1. barn i privat barnehage. Kostpengar kjem i tillegg. Det dekker all mat og drikke.

Satsar for foreldrebatalinga og kostpengar etter opphaldstid pr 2026

Opphaldstid Foreldrebetaling pr månad Matpengar pr månad
5 dagar pr veke kr. 700,-  kr. 550,-
4 dagar pr veke kr. 560,- kr. 440,-
3 dagar pr.veke kr. 420,- kr. 330,-
2 dagar pr.veke kr. 280,- kr. 220,-

NB! Det vert krevd foreldrebetaling for 11 månader i året. Juli er betalingsfri.

Mat og drikke inkluderer:

  • Frukosttilbud til dei som kjem i barnehagen før kl 8 30.
  • Lunsjmåltid ca 11 både brødmat og varmrettar vert servert
  • Ettermiddagsmåltid med frukt ca kl 14