Personalet er så sjarmerte, og imponerte over kor flotte brev 1.klassingane har skrive❤️
Barna i barnehagen vart kjempeglade for å få brev, og syner stor interesse i alle bokstavane 🤩
Heilt oppslukte vart dei - faktisk - av breva. Det vart ei fin påminning om at det no snart er min tur å starte på skulen, og rett betryggande å få lese at det er LÆRERIKT OG GØY Å GÅ PÅ SKULEN!😍
Dei skriv om alt dei lærer på skulen og at dei har det kjekt! At dei saknar oss i barnehagen, og gymromet i barnehagen. På skulen har dei gymsal, og at det er GØY å vere der.
Vi kan lese om at dei fortsatt er glade i barnehagen sin!🤩 Det varmar hjerta våre her i barnehagen❤️
Ordet lære, og at det er kjekt, dukkar stadig opp i breva.
Det er fint og trygt å få vite frå ei sikker kilde, for ein 5 åring i barnehagen. 😍
Med deltakelse i skuleuniverset- legg vi i barnehagen merke til at det dukkar opp nytt vokabular som å regne, matte, bokstavar, tal og til og med engelsk.
Det er sooo fint å få eit lite innblikk i utviklinga til dei flotte barna, som vi er så heldige å fått låne, og sende vidare i utdanningsløpet.😍
Tusen takk til den kjekke og kloke læraren, som har lagt til rette for brevskriving-slik praksis bygger fin bru mellom skulen og barnehagen.👍👏😍