SOLFEST I HULDAL BARNEHAGE🌞

I dag har vi feira at sola er attende i Huldalen.🌞🇳🇴🤩

Vi har kosa oss med solboller, smilt i kapp med sola, hatt det gøy på fellessamling… og plutselig kom sjølvaste solkongen, som hugsa på oss i år også👑💛

Solkongen kunne fortelle om kva våren er for noko, om vårblomane han er så glad i, og ikkje minst kor viktig det er å ha på solkrem👌

I år fekk vi også møte den gode vennen til solkongen, bamsen Gerald😍

Solkongen kunne fortelle at at dei er kjempeglade i kvarandre og finn på mykje kjekt ilag. Av og til er dei litt uenige, men at dei  prøver å bli enige, og at ordet unnskyld var eit fint ord å bruke om nødvendig❤️

Smart type-denne solkongen vår💛❤️💚🧡💙